Kveldstur til Varden på Lye (1324)

Fellestur

Dato
25. april kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1324
Dette arrangementet er over!

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.

 

Turen startar ved Fugleparken, like ved Lye stadion, som vart ferdig like etter år 2000. Her er det god parkering.Turen går i skogen langs fotballbanen og vidare til «Prestavegen». Namnet «Prestavegen» har si historie. Lye var prestegard i Time frå omlag 1330 til 1932. Prestavegen gjekk frå Lye over Åsen og Edland til Gjesdal, og var fram til 1837 rideveg for presten. I 1837 vart han utbetra til køyreveg. Prestavegen vart turveg i 2003.

Turen vidare går opp mot Varden (274 moh.). Her er det flott utsyn over store deler av Jæren.

Frå toppen går stien i terrenget og gjennom skogen mot bustadområdet og Monsanut barnehage og vidare ned gjennom treklyngene kjem vi tilbake til utgangspunktet ved Fugleparken. Då har me tilbakelagt nærare 6 km i kupert lende.

Oppmøte:
Parkeringsplass ved Lye idrettshall

Turleiar:
Anne Reidun Garpestad

Nærturane i Time og Klepp går den siste onsdagen i månaden, i samarbeid mellom Jæren Turlag, Time kommune, Hå og Klepp kommune.

 

Kveldstur til Varden på Lye (1324)

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.   Turen startar ved Fugleparken, like ved Lye stadion, som vart ferdig like etter år 2000. Her er det god ...

Kontaktinformasjon: