Kveldstur til Sandtangen-Re (1322)

Fellestur

Dato
27. mars kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Naturlos, Tematur, Historie, Jæren, Vann
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening , Bryne vel
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1322

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren

Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande fugleliv. Vidare går turen ut av skogen og opp i Vardheia, det første byggjefeltet på Bryne (frå 1950). Turen fortset over Brynehaugen, forbi eitt av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda. På brua over Arne Garborgs veg får vi fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar. Turen går så forbi Bryne Mølle (frå 1929), handlesenteret M44 og vidare langs Roslandsåna, kor det fins både laks og sjøaure. Ein kjem så til Refeltet, ut på Grødalandsvegen og etterkvart Kringlemyra. Turen går no forbi Bryne ungdomsskule, ein runde i parken Geitahodne og ut igjen til Ole Tjøttas veg, oppkalla etter den dyktige, men ulukkelege målaren. På vegen vidare er vi innom Mølledammen, langs Bryneåna og tilbake til Sandtangen. Turen er 8 km.

Oppmøte:
Sandtangen, ved inngang/bru kl 17:30 

Turleiar:  
Sigvald Frøyland, mob. 975 10 305
Terje Haugland

Arr:
Jæren Turlag og Bryne Vel

Nærturane på Jæren går den siste onsdagen i månaden, i samarbeid mellom Jæren Turlag, Time, Hå, Klepp og Gjesdal kommuner.

Kveldstur til Sandtangen-Re (1322)

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren Turen startar ved inngangen til Sandtangen, det største friluftsområdet på Bryne. Sandtangen har både lysløype og trimpark samt eit yrande ...

Kontaktinformasjon: