Kveldstur langs Engelsvollløypa (1321)

Fellestur

Dato
20. februar kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1321
Dette arrangementet er over!

Turen startar ved ved parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje.

På ein stor del av turen går vi langs Frøylandsvatnet. Vi kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. Theodor Dahl kalla Frøylandsvatnet for ”Jærens eigen Genesarets sjø”, men Torvald Tu sa det var ”Guds venleiksauge mellom Klepp og Time”. Ved Frøylandvatnet kan får vi kanhende auge på toppand, stokkand, sothøne og den flotte brunnakkeanda.

Ei tid hadde Kverneland Fabrikk to båtar på vatnet, den eine frakta post og passasjerar, den andre plogar og anna dei produserte til kaien på Klepp stasjon.

Vi kjem også til Engelsvågen og Steintangen, to husmannsplasser ved vatnet.

På turen går vi og gjennom byggefelt og industriområde på Orstad og Frøyland

  • Oppmøte 
    Parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje kl 17.30
     
  • Turleiar
    Gaute Klepp, mob

Nærturene på Jæren går den siste onsdagen i månaden, i samarbeid mellom Jæren Turlag, Time, Klepp, Hå og Gjesdal kommuner.

Kveldstur langs Engelsvollløypa (1321)

Turen startar ved ved parkeringsplassen ved Frøyland-Orstad kyrkje. På ein stor del av turen går vi langs Frøylandsvatnet. Vi kjem til Bådatangen, som i lange tider har vore badeplass for mange. ...

Kontaktinformasjon:

  • Gaute Klepp